Grensa mellom England og Skottland

Grensa avmerkt på øya Storbritannia.

Grensa mellom England og Skottland er ei grense på 154 km som skil Skottland og England. Ho går frå Marshall Meadows Bay i aust til Solway Firth i vest. Områda rundt grensa blir av og til omtalte som «The Borderlands».[1]

Firth of Forth danna grensa mellom det piktisk-gæliske kongeriket Alba og det angliske kongeriket Northumbria tidleg på 900-talet. Ho blei grense mellom England og Skottland då Northumbria blei annektert av angelsaksiske England på midten av 900-talet. I 973 møtte Kenneth II av Skottland den engelske kongen Edgar the Peaceful ved rådet hans i Chester. Etter at Kenneth etter seiande viste respekt til Edgar, gav den engelske kongen han området Lothian.[2] Trass i denne hendinga blei ikkje herredømet over Lothian heilt fastsett. Regionen blei teken av skottane ved slaget ved Carham i 1018, og Tweed blei de facto grenseelv mellom England og Skottland. Solway–Tweed-linja blei juridisk etablert som grense i 1237 gjennom Traktaten i York mellom England og Scotland.[3] Denne er blitt verande grense til i dag, med unntak av dei såkalla Debatable Lands nord for Carlisle og eit lite område rundt Berwick-upon-Tweed, som blei teke av England i 1482. Berwick blei ikkje heilt annektert av England før i 1746, med loven Wales and Berwick Act 1746.[4]

I fleire hundreår, fram til unionen av kronene i dei to landa, var områda på kvar side av grensa eit lovlaust territorium som lei under gjentatte raid i kvar retning utførte av såkalla Border Reivers. Etter unionstraktaten i 1706, ratifisert ved unionslovene i 1707, som sameinte Skottland med England og Wales til Kongeriket Storbritannia, har grensa markert skiljet mellom to juridiske system, ettersom traktaten mellom England og Skottland garanterte eit framhald i skiljet mellom engelsk lov og skotsk lov.[5] Sidan ekteskapsalderen i England frå 1753 var høgare enn i Skottland utan løyve frå foreldra, var det mange engelske par som kryssa grensa for å gifta seg i Skottland. Grensebusetnadane Gretna Green i vest og Coldstream og Lamberton i aust blei mykje nytta av par frå England som ønska å gifta seg under skotsk lov, og utan lysing.

Den marine grensa mellom landa blei justert via Scottish Adjacent Waters Boundaries Order 1999, slik at grensa inna territorialfarvatnet (opp til grensa på 12 mile (19 km)) går 90 meter (300 ft) nord for grensa for oljeinstallasjonar etablerte via Civil Jurisdiction (Offshore Activities) Order 1987.[6]

  1. «£450 million Borderlands Growth Deal now underway». GOV.UK (på engelsk). Henta 2. april 2021. 
  2. Rollason, David W. (2003). Northumbria, 500 – 1100: Creation and Destruction of a Kingdom. Cambridge University Press. s. 275. ISBN 0521813352. 
  3. «Scotland Conquered, 1174-1296». The National Archives. Henta 19 May 2012. 
  4. Blackstone, William; Stewart, James (1839). The rights of persons, according to the text of Blackstone. Edmund Spettigue. s. 92. 
  5. Collier, J.G. (2001). Conflict of Laws (PDF). Cambridge: Cambridge University Press. s. 6. ISBN 0-521-78260-0. «For the purposes of the English conflict of laws, every country in the world which is not part of England and Wales is a foreign country and its foreign laws. This means that not only totally foreign independent countries such as France and Russia... are foreign countries but also British Colonies such as the Falkland Islands. Moreover, the other parts of the United Kingdom—Scotland and Northern Ireland—are foreign countries for present purposes, as are the other British Islands, the Isle of Man, Jersey, and Guernsey 
  6. Scottish Parliament Official Report 26 April 2000[daud lenkje]. Retrieved 19 May 2012.

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search